Om

Volda Dykkerklubb


Vi har klubblokale i Rådhusgata 4 (bak "Telebygget") og har kompressor, båt, ryddedugnader, dykketurar og medlemsmøter.


Innkalling til årsmøte 28.02.2024


Styret kallar med dette inn til årsmøte i Volda Dykkerklubb.


Årsmøtet vert halde onsdag 28. februar 2024 kl. 20:00 på klubblokalet i Rådhusgata 4, 6100 Volda.


Saker som eit medlem ønskjer skal takast opp på årsmøtet, må sendast styret seinast 14. februar 2024 til e-postadresse styret@dykkerklubben.com.



Her er link til saksliste (lagt ut 21.02.2024).



For å ha stemmerett må medlemmet ha fylt 15 år, vore medlem av idrettslaget i minst ein månad, og ha betalt kontingenten. Medlemar under 15 år har møte- og forslagsrett. For meir informasjon om stemmerett, valbarheit, forslagsrett m.m., sjå idrettslagets lov §§5 til 8.

Velkomen til årsmøte!


Faste klubbdykketurar!

 

Klubben arrangerer klubbdykketurar i nærområdet den første søndagen i kvar månad. For resten av 2023 er det dermed følgjande datoar som gjeld:

3. september

1. oktober

5. november

3. desember


Lyst til å vere med? Nokre dagar før dykketur legg vi ut hending på Facebooksida vår. Meld deg på der :)


Vi startar med utleige av dykkerutstyr frå september 2023!


Klubben veit at det er kostbart å kjøpe inn "full pakke" med dykkerutstyr. Vi har derfor søkt og fått støtte frå SpareBank 1 SMN til å kjøpe inn dykkerutstyr som vi kan leige ut til medlemmane og andre dykkarar. Vi startar opp med utleige frå september 2023.


Medlemmar av klubben får spesielt gode prisar på leige av utstyr. Før oppstart av tilbodet vil vi oppdatere prisinformasjonen under menyvalet "Prisar" ovanfor.


Treng du å fylle luft på flaska di?


Kontakt Alf-Henning Ervik (90198535) eller Audun Risahagen (91801411) for å bestille luftfylling. 
Flasker som er trykkprøvde i løpet av dei 24 siste månadane kan fyllast, 36 månader for nye flasker.

Medlemmar som har medlemskap med luft kan fylle sjølv etter dei har fått opplæring av materialforvaltar, kontakt Alf-Henning Ervik eller Audun Risahagen for å avtale opplæring. 

For nøkkel til klubblokalet kontakt Jørn Nesdal (90948989),  dei som har medlemskap med luft får nøkkel.

Komande

HENDINGAR

2019 06 29 Ryddedugnad på Berkneset (1)
2019 06 29 Ryddedugnad på Berkneset (2)
Klubbtur
Ronny_edited2
Ryddedugnad
VD 2016
12694706_10153812176466278_8259875167606617769_o
2 Harald Fauske 2018 12 30 Radbod
4 Klubbtur til Florø 2018 09 16
DSCF0791
Fridykkarkurs
Eiksund
Elin_edited1

Oppdag våre beste

dykkemål

NATURDYKK

Munken i Volda sentrum, Berkneset, Festøya, Vartdal, Yksnøya, Rovde.



DYKKE MED SEL PÅ GRASØYANE


Grasøyane ligg ute i havet utanfor Herøy og ein må ha båt for å kome dit.

I 1908 gjekk det eit ras frå fjellet Keipen som demde opp setra.

Panoramabilde

Kart, overnatting mm

Radbod, foto Harald Fauske

VRAK

Vraket Elin på Hjorthaug,

Sjark på Trollskjæret på Vartdal,

dampskipet Radbod i Selbervika i Ørsta

Sunnmøre har klart vatn med stor marin artsrikdom og vrak, og så har vi tuftene av den gamle setra og skogen i Lygnstøylvatnet.