Vi har klubblokale i Rådhusgata 4 (bak "Telebygget") og har kompressor, båt, ryddedugnader, dykketurar og medlemsmøter.
Faste klubbdykketurar!
Klubben arrangerer klubbdykketurar i nærområdet den første søndagen i kvar månad. For resten av 2026 er det dermed følgjande datoar som gjeld:
7. juni
5. juli
2. august
6. september
4. oktober
1. november
6. desember
Lyst til å vere med? Nokre dagar før dykketur legg vi ut hending på Facebooksida vår. Meld deg på der :)
GRATIS lån av dykkerutstyr for medlemmar på dei faste klubbdykketurane!
På styremøte 30. april 2026 vedtok styret at medlemmar av Volda Dykkerklubb får låne gratis utstyr til bruk i dei faste klubbdykka (sjå datoane ovanfor). Manglar du utstyr eller er for seint ute med å få ditt eige på service, kan du altså låne det du manglar av klubben. Føresetnaden er at vi har ledig dykkerutstyr inne.
Du bookar utstyr slik:
Visste du at du kan leige fullt dykkerutstyr av klubben?
Klubben veit at det er kostbart å kjøpe inn "full pakke" med dykkerutstyr. Vi har derfor søkt og fått støtte frå SpareBank 1 SMN til å kjøpe inn dykkerutstyr som vi kan leige ut til medlemmane og andre dykkarar.
Medlemmar av klubben får spesielt gode prisar på leige av utstyr. Oppdatert prisinformasjon og link til bookingløysinga finn du under menyvalet "Prisar" ovanfor.
Treng du å fylle luft på flaska di?
Kontakt Alf-Henning Ervik (90198535) eller Audun Risahagen (91801411) for å bestille luftfylling.
Flasker som er trykkprøvde i løpet av dei 24 siste månadane kan fyllast, 36 månader for nye flasker.
Medlemmar som har medlemskap med luft kan fylle sjølv etter dei har fått opplæring av materialforvaltar, kontakt Alf-Henning Ervik eller Audun Risahagen for å avtale opplæring.
For nøkkel til klubblokalet kontakt Rolf Driveklepp (98287828) - dei som har medlemskap med luft får nøkkel.


VRAK
Sunnmøre har klart vatn med stor marin artsrikdom og vrak, og så har vi tuftene av den gamle setra og skogen i Lygnstøylvatnet.